- Siste nytt
- Om Tegneseriens dag
- Om nettsidene
- Lenkjer

Om tegneseriensdag.no
Desse sidene blei oppretta i 2008, med det formålet å samle all informasjon om Tegneseriens dag under ei felles nettadresse. Då Tegneseriens dag arrangerast av ei rekke ulike personar og organisasjonar og ikkje har ein nasjonal koordinator, eksisterer det heller inga offisiell nettside for Tegneseriens dag, og med desse sidene håper vi å kunne fylle det tomrommet mangelen på ei offisiell side fører til.
For augeblikket inneheld tegneseriensdag.no berre informasjon om dei arrangementa vi har klart å spore opp informasjon om. Fram mot Tegneseriens dag 2009 håper vi å kunne supplere dette med ein del informasjon som kan vera til hjelp for deg som ønskjer å ta initiativ til eit eiget Tegneseriens dag-arrangement, som foredragmalar, powerpointpresentasjonar og liknande. Dersom du kjenner til eit Tegneseriens dag-arrangement som ikkje ligg i databasen vår, vil vi setja pris på å få tilsendt informasjon om dette på e-post post@tegneseriensdag.no.
Desse sidene drivast ikkjekommersielt og på frivillig basis av engasjerte teikneserieentusiastar. Vevmeister er Olaf Moriarty Solstrand, som òg er forfattar av Donald Duck-teikneseriar, vevmeister for Nettserier.no og aktiv i Nordnorsk Teikneserielaug. Designet er laga av Arne Bye, som er kjent for seriar som Mira og Holger og Hagbart og dessutan er medstiftar av både Trondheimstegnerne og Steinkjer Serieliga.
© Tegneseriensdag.no 2008-2010 | Om TD


