2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011

Tegneseriens dag

Tegneseriens dag

Kva er Tegneseriens dag?
Tegneseriens dag finner stad ein dag i året over heile landet. Tegneserietinget 2004, som var eit forum for institusjonar, organisasjonar og bedrifter med tilknytning til teikneseriar, vedtok at teikneseriane skal ha sin eigen dag. Det er dei lokale teikneseriemiljøa som står ansvarlege for å gjennomføre lokale arrangement på Tegneseriens dag.

Når er Tegneseriens dag?
Tegneseriens dag arrangerast den første laurdagen i mai kvart år. I 2008 er dette 3. mai. Grunnen til dette datovalet er at denne datoen fell saman med den amerikanske Free Comic Book Day (FCBD).

Kva er Free Comic Book Day?
FCBD, som har sitt opphav i USA, er ein dag i året då ei rekke teikneseriebutikkar deler ut gratis teikneseriar. Alle dei store amerikanske forlaga lager eigne spesialhefter som altså er tilgjengelege heilt gratis for alle som stikker innom ein teikneseriebutikk som deltar i FCBD i løpet av den første laurdagen i mai. Tegneseriens dag er lagt slik at den alltid hamnar på same dato som FCBD. Nokre få norske butikkar deltar i FCBD, korav den største er Outland. For meir informasjon, sjå freecomicbookday.com.

Men ... kva er det eigentleg som skjer denne dagen?
Litt av kvart. Blant dei forskjellige arrangementa som har vore gjennomført i dagens historie, finner vi teiknekurs, utstillingar, spesiallaga gratis teikneserieblader, signeringar, paneldebattar om teikneseriar, teiknarar som har site heile natta i eit utstillingsvindauge og teikna for harde livet, og mykje meir.

Er det dei lokale miljøa som har heile ansvaret for Tegneseriens dag? Finst det ikkje ein nasjonal koordinator?
Nei, det gjer det diverre ikkje. Norsk Tegneserieforum (NTF) hadde ansvaret for planleggjing og tilretteleggjing av Tegneseriens dag i 2005 og 2006, men etter det har ikkje dagen hatt ein nasjonal koordinator, og det har difor vore opp til dei lokale teikneseriemiljøa å sørge for at noko skjer i sitt nærmiljø på Tegneseriens dag.

Eg har lyst til å gjennomføre eit teikneseriearrangement på Tegneseriens dag. Kven må eg snakke med for å få løyve til dette?
Du trenger ikkje å snakke med nokon som helst -- alle står fritt til å gjennomføre eit prosjekt på Tegneseriens dag! Men: Dersom du bor i ein by med eit aktivt teikneseriemiljø, er det ein viss sjanse for at det allereie er eit prosjekt under planleggjing for dagen, og isåfall kan det vera lurt å ta kontakt med desse for å finne ut om de kan samarbeide på ein eller annan måte. Og sjølvsagt set vi pris på om du sender ein mail til tegneseriensdag.no og varsler oss om kva du har planlagt for dagen, slik at vi kan få lagt informasjon om dette ut i databasen vår.

Er tegneseriensdag.no Tegneseriens dags offisielle heimeside?
Nei. Tegneseriens dag har ikkje ei offisiell heimeside. Formålet med tegneseriensdag.no er å prøve å fylle det tomrommet som oppstår basert på at ei offisiell heimeside ikkje eksisterer.

Eg kjenner til eit lokalt arrangement som ikkje står oppført på tegneseriensdag.no!
Isåfall set vi pris på om du sender oss ein mail om dette.

© Tegneseriensdag.no 2008-2010 | Om sidene