2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011

Tegneseriens dag

3. mai 2008

Siste nytt:

Vel overstått i Steinkjer og Tromsø

18.05.2008, 14:45

Teikneseriestuntet Steinkjer Serieliga og Nordnorsk Teikneserielaug gjennomførte på Tegneseriens dag var ein suksess. QXL-auksjonane er no avslutta, og innbrakte 2670 kr, som uavkorta vil bli overført til Unicef.

Steinkjer Serieliga har dokumentert Tegneseriens dag grundig med fotografier og video, og no er videodokumentasjonen lagt ut på YouTube:


Torgeir Trapnes teiknar første side av superheltserien.


Intervju med Torgeir Trapnes og Tomte, del 1.


Intervju med Torgeir Trapnes og Tomte, del 2.


Arne Bye teiknar andre side av historia om Herr Viggle.


Ida Eriksson teiknar tredje side av superheltserien.


Tomte teiknar fjerde side av historia om Herr Viggle.

Fotografier frå dagen kan blant anna sjåast i denne bloggen.


God Tegneseriens dag!

03.05.2008, 09:29

Tegneseriensdag.no ønskjer alle teikneserieentusiastar der ute ein god Tegneseriens dag! Bruk menyen til høgre for å finne ut kva som skjer i ditt nærmiljø. Med åtte teikneseriebutikkar, sju bibliotek, to kjøpesentre, to museer og ein pub frå Kristiansand i sør til Hammerfest i Nord er sjansen der for at du har noko du kan bruke dagen til. Ha ein fin dag!


Teikneseriequiz

02.05.2008, 10:21

Nytt arrangement lagt til: Teikneseriequiz på biblioteket i Nesodden.


Utstilling i Bærum

02.05.2008, 09:46

Har no lagt til informasjon om ei utstilling på Bekkestua bibliotek i databasen.


Nytt museumsprogram

30.04.2008, 23:14

Det oppdaterte og fullstendige programmet for kva som skjer på Tegneseriemuseet på Tegneseriens dag er no lagt ut.


To nye bibliotek, pluss litt presse

30.04.2008, 17:45

Mediene har byrja skrive om teikneseriemaratonet som arrangerast i Steinkjer og Tromsø på Tegneseriens dag:

I tillegg har to nye bibliotek, henholdsvis Heimdal og Hammerfest varsla at dei har utstillingar på Tegneseriens dag. Heimdal inviterer til dypdykk i seriesamlinga si, medan Hammerfest byggjer utstillinga rundt temaet «En annerledes historie».


Program for Steinkjer

30.04.2008, 08:46

Programmet for Steinkjer-arrangementet er no lagt ut på sidene.


Tor Morisse-utstilling i Oslo

29.04.2008, 15:28

Serieteket arrangerer utstilling av originalteikningar frå Tor Morisse på Tegneseriens dag. Sjå sidene for Oslo for meir informasjon.


Utstilling av skjermbaserte seriar i Bergen

25.04.2008, 23:12

Informasjon om Fredrik Rysjedals utstilling av skjermbaserte teikneseriar er no lagt inn under sidene for Bergen.


Lenkjesamling om teikneseriar

25.04.2008, 18:45

Gjesdal folkebibliotek har laga ei lenkjesamling om teikneseriar i forbindelse med Tegneseriens dag.


Bodegan i Steinkjer

22.04.2008, 20:28

Studentpuben Bodega arrangerer tegneseriekro 3. mai. Meir informasjon om dette er lagt ut under sida for Steinkjer.


Sarpsborg, Gran og nytt design

22.04.2008, 12:56

Ny informasjon er no lagt inn om arrangementer i Sarpsborg og Gran, samt eit arrangement på Ønskebok.no.

I tillegg har desse sidene no fått eit nytt og friskare design (stor takk til Arne Bye) og ei større lenkjeside.


Tegneseriensdag.no opner

18.04.2008, 17:16

Velkomen til Tegneseriensdag.no! På desse nettsidene ønskjer vi å samle all informasjon om alt som skjer rundt omkring i landet på Tegneseriens dag, som i år arrangerast laurdag 3. mai.

Foreløpig har vi berre ei handfull arrangement registrert, korav det største er årets fellesarrangement i Tromsø og Steinkjer. Dersom du kjenner til eit arrangement vi ikkje har fått med oss, set vi pris på å høyra frå deg på e-post!


Eldre artiklar :: Nyare artiklar

© Tegneseriensdag.no 2008-2010 | Om TD | Om sidene